Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Andre Samuelsbok

1

David får høyra at Saul er død

1 Då Saul var død og David var komen att etter sigeren over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar. 2 Den tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og med jord på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg til jorda og hylla han. 3 David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Frå Israelsleiren, eg slapp unna.» 4 Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.» 5 David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?» 6 Guten som melde frå, svara: «Det laga seg så at eg var på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og støtta seg på spydet sitt medan stridsvognene og ryttarane trengde hardt inn på han. 7 Han snudde seg og fekk auge på meg. Då ropa han på meg, og eg svara: Ja, her er eg. 8 Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er amalekitt. 9 Då sa han til meg: Still deg over meg og gjev meg dødsstøyten! For eg er i dødskrampe, men enno i live. 10 Så gjekk eg bort til han og gav han dødsstøyten, for eg skjøna at han ikkje hadde kunna overleva om han hadde falle. Eg tok krona han hadde på hovudet, og ringen han hadde rundt armen, eg kjem med dei hit til min herre.»

11 Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han. 12 Heilt til kvelden heldt dei sørgjehøgtid og fasta og gret over Saul og Jonatan, son hans, over Herrens folk og Israels hus fordi dei var falne for sverd.

13 Så spurde David ungguten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.» 14 Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salva og drepa han?» 15 David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel, 16 og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salva.»

David sørgjer over Saul og Jonatan

17 David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans, 18 og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:


19 Din prydnad, Israel,

ligg drepen på haugane dine.

Falne er krigarane!

20 Kunngjer ikkje dette i Gat,

meld ikkje dette på gatene i Asjkalon!

Filistardøtrene ville gleda seg,

døtrene til dei uomskorne jubla.


21 De Gilboa-fjell,

gjev det aldri må falla

dogg eller regn på dykk,

gjev markene aldri må bera førstegrøde!

For der låg tilsølte krigarskjold,

Sauls skjold var ikkje smurt med olje.


22 Utan blod av falne, utan feitt av krigarar

vende aldri Jonatans boge attende

eller Sauls-sverdet umetta heim.


23 Saul og Jonatan,

elska og avhaldne i live,

døden skilde dei ikkje åt.

Raskare var dei enn ørnar,

sterkare var dei enn løver.


24 Israels døtrer, gråt over Saul,

som kledde dykk fagert i purpur

og prydde dykkar klede med gull!


25 Falne er krigarane, falne i kamp!

Jonatan ligg drepen på haugane dine.

26 Eg sørgjer over deg,

Jonatan, min bror!

Inderleg var du meg kjær.

Din kjærleik var meg meir underfull

enn kvinners kjærleik.

27 Falne er krigarane,

krigsvåpna øydelagde!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.