Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Ester

1

Dronning Vasjti trassar kong Xerxes

1 Dette hende i Xerxes' dagar, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj. 2 I dei dagane då Xerxes sat på kongetrona i borga Susa, 3 i det tredje styringsåret sitt, heldt han ein fest for alle stormennene og tenarane sine. Dei fremste hærførarane i Persia og Media og leiarane for provinsane var hos han. 4 I lang tid, 180 dagar, viste han fram sin kongelege rikdom og si prakt og sin store herlegdom og glans.

5 Då desse dagane var til ende, heldt kongen endå ein fest for alt folket som var i borga Susa, høg som låg. Festen varte i sju dagar på den opne plassen i hagen ved kongens slott. 6 Teppe av det finaste kvite og purpurblå stoff var feste med kvite og purpurraude snorer til ringar av sølv i søyler av alabast. Benker av gull og sølv stod på eit golv av marmor, alabast, perlemor og mosaikksteinar. 7 Drikkene vart skjenkte i gullbeger som alle var ulike. Og det var rikeleg av den kongelege vinen, på kongeleg vis. 8 Drikkinga gjekk føre seg etter regelen: «Ingen tvang!» For kongen hadde bode at alle hovmeistrane skulle la kvar og ein få så mykje eller lite han sjølv ville ha. 9 Samtidig heldt dronning Vasjti fest for kvinnene i slottet til kong Xerxes.

10 På den sjuande dagen, då han var oppstemd av vinen, bad kong Xerxes til seg dei sju evnukkane som var hans personlege tenarar, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas. 11 Han baud dei henta dronning Vasjti fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folka og stormennene kunne sjå venleiken hennar, for ho var svært vakker. 12 Men dronning Vasjti nekta å koma på kongens ord som evnukkane bar fram. Kongen vart svært sint, og harmen brann i han. 13 Og han vende seg til vismennene, dei som var kunnige i å tyda tidene, for slik vart kongens saker lagde fram for alle som var kunnige i lov og rett. 14 Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som hadde tilgang til kongen og var dei fremste i riket. 15 Han spurde dei: «Kva bør etter lova skje med dronning Vasjti sidan ho ikkje gjorde slik kong Xerxes baud henne gjennom evnukkane?»

16 Memukan sa til kongen og stormennene: «Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle stormenn og folk i provinsane til kong Xerxes. 17 For ryktet om dronninga vil spreia seg mellom alle kvinner og få dei til å forakta mennene sine og seia: Kong Xerxes baud at dronning Vasjti skulle førast fram for han, men ho kom ikkje. 18 Alt i dag vil dei fremste kvinnene i Persia og Media tala slik til kongens stormenn når dei får høyra ryktet om dronninga. Og det kjem ikkje til å bli nokon ende på forakt og sinne. 19 Dersom kongen finn det for godt, så lat det gå ut eit kongsord, og lat det skrivast inn i lovene i Persia og Media, så det står urokkeleg fast at Vasjti aldri meir skal visa seg for kong Xerxes, og at kongen skal gje hennar rang som dronning til ei anna kvinne som er betre enn ho. 20 Når det påbodet kongen sender ut, blir kjent i heile riket, så veldig som det er, vil alle kvinner æra ektemennene sine, høge som låge.»

21 Kongen og stormennene syntest godt om dette framlegget, og kongen gjorde som Memukan sa. 22 Han sende brev til alle provinsane sine, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, om at kvar mann skulle vera herre i sitt eige hus og tala språket til sitt eige folk.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.