Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Andre Mosebok

14

Sivsjø-underet

1  Herren sa til Moses: 2 «Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hahirot, mellom Migdol og havet! Framfor Baal-Safon, midt imot byen, skal de slå leir ved havet. 3 Så kjem farao til å seia at israelittane har gått seg vill i landet, og at ørkenen har stengt dei inne. 4 Eg vil gjera hjartet til farao ubøyeleg, så han set etter dei. Då skal eg visa min herlegdom på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal kjenna at eg er Herren.» Dette gjorde israelittane.

5 Då kongen i Egypt fekk melding om at folket hadde rømt, kom han og tenarane hans på andre tankar om folket. «Kva er det vi har gjort?» sa dei. «Vi lét israelittane dra frå slavearbeidet hos oss!» 6 Så lét han spenna for vogna si og tok hæren med seg. 7 Han tok 600 av dei beste vognene og elles alt som fanst av vogner i Egypt, og offiserar til kvar av dei. 8 For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, ubøyeleg i hjartet, så han sette etter israelittane. Men israelittane drog ut med lyft hand. 9 Egyptarane sette etter dei med alle vognene, hestane og ryttarane og heile hæren til farao. Dei nådde dei att ved Pi-Hahirot, der dei låg i leir ved havet, framfor Baal-Safon.

10 Då farao nærma seg, såg israelittane opp og fekk auge på egyptarane som kom etter dei. Dei vart gripne av stor redsle og ropa til Herren. 11 Dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver nok i Egypt sidan du har ført oss ut i ørkenen for å døy? Kvifor har du gjort dette mot oss? Kvifor førte du oss ut frå Egypt? 12 Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred, vi vil arbeida for egyptarane! Det er betre for oss å arbeida for dei enn å døy i ørkenen.» 13 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei. 14  Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»

15  Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16 Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. 17 Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. 18 Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»

19 Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, 20 så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. 21 Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, 22 og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei. 23 Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og ryttarane til farao, og følgde etter dei midt ut i havet. 24 Men ved morgonvakta såg Herren ned på leiren til egyptarane frå eldsøyla og skysøyla, og han skapte forvirring blant dei. 25 Han låste hjula på vognene deira så det vart tungt for dei å koma seg fram. Då sa egyptarane: «Lat oss rømma for israelittane! For Herren kjempar for dei mot egyptarane.»

26 Då sa Herren til Moses: «Rett handa ut over havet, så skal vatnet venda attende over egyptarane, over vognene og ryttarane deira!» 27 Så rette Moses handa ut over havet, og ved morgongry vende vatnet attende. Egyptarane rømde rett imot det, og Herren støytte dei midt ut i havet. 28 Vatnet vende attende og skylde over alle vognene og ryttarane i hæren til farao, som hadde følgt etter israelittane ut i havet. Ikkje ein mann overlevde. 29 Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet medan vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.

30 Den dagen frelste Herren Israel frå handa til egyptarane. Israelittane såg at egyptarane låg døde på stranda. 31 Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, frykta folket Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.