Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Esekiel

11

Dom over leiarane i Jerusalem

1 No lyfte ånda meg opp og førte meg til austporten i Herrens hus, den som vender mot aust. Og sjå, attmed inngangen til porten var det tjuefem menn, og midt mellom dei såg eg Jaasanja, son til Assur, og Pelatja, son til Benaja, som var leiarar i folket. 2  Herren sa til meg: «Menneske! Dette er dei mennene som tenkjer ut urett og gjev dårlege råd her i byen. 3 Dei seier: Å byggja hus har inga hast. Byen er gryta, og vi er kjøtet. 4 Tal profetord mot dei! Tal profetord, menneske!»

5 Då kom Herrens ånd over meg og sa eg skulle seia: Så seier Herren: Slik talar de, Israels hus, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk. 6 De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne. 7 Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, det er dei som er kjøtet, og byen er gryta. Men de skal førast ut derifrå. 8 De er redde for sverdet, og eg lèt sverdet koma mot dykk, seier Herren Gud. 9 Eg fører dykk ut av byen, gjev dykk over til framande og fullfører dommen over dykk. 10 De skal falla for sverd, ved Israels grense vil eg dømma dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren. 11 Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg dømma dykk. 12 Då skal de kjenna at eg er Herren, de som ikkje følgjer mine forskrifter og ikkje held mine lover, men må følgja lovene til folkeslaga omkring dykk.

Trøysteord til dei bortførte

13 Medan eg profeterte, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og skreik høgt: «Å, Herre Gud, gjer du ende på alt som er att av Israel?»

14  Herrens ord kom då til meg: 15 Menneske! Brørne dine, brørne dine som er saman med deg i eksil, heile Israels hus – om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.» 16 Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Sjølv om eg førte dei langt bort mellom folkeslaga og spreidde dei i landa, vart eg ein liten heilagdom for dei i landa dei kom til. 17 Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, sanka dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land. 18 Når dei kjem dit, skal dei fjerna alle dei motbydelege og avskyelege gudebileta derifrå. 19 Eg gjev dei eit anna hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dei. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dei og gjev dei eit kjøthjarte i staden, 20 slik at dei kan følgja forskriftene mine, halda fast ved lovene mine og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud. 21 Men dei som i hjartet følgjer dei motbydelege og avskyelege gudane, det dei har gjort, lèt eg koma over deira eige hovud, seier Herren Gud.

22 Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula følgde med. Høgt oppe over dei trona herlegdomen til Israels Gud. 23 No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stansa på fjellet austafor. 24 Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds ånd, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt. 25 Og eg tala til dei bortførte om alt det som Herren hadde synt meg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.