Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Habakkuk

2

Den rettferdige og fienden

1 No vil eg stå på vakt,

stilla meg på muren og speida

og sjå kva han vil seia til meg,

kva svar eg får på mitt klagemål.

2  Herren svara meg:

Skriv synet tydeleg på tavler

så det blir lett å lesa!

3 For synet ventar på si fastsette tid,

det vitnar om enden, og det lyg ikkje.

Om det dryger, så berre vent!

For koma skal det, det kjem ikkje for seint!


4 Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel.

Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.


5 Sanneleg, vinen er trulaus.

Den stolte skal ikkje nå sitt mål.

Som dødsriket spilar han opp gapet,

han er umettande som døden.

Han samlar alle folkeslag hos seg,

sankar saman alle folk.

Ve undertrykkjaren

6 Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia:


Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans

– kor lenge? –

og gjer seg rik på pantsett gods!

7 Långjevarane dine reiser seg brått,

dei som får deg til å skjelva, vaknar.

Då skal du bli eit rov for dei.

8 For du har plyndra mange folkeslag;

no skal resten av folka plyndra deg

til gjengjeld for menneskeblodet

og valden mot landet og byen

og alle som bur der.

9 Ve den som skaffar seg urett vinning til sitt hus

og legg reiret sitt høgt

for å berga seg frå vondskaps hand!

10 Til skam for ditt hus har du planlagt

å gjera ende på mange folk;

du set ditt eige liv på spel.

11 For steinen i muren skal ropa,

og bjelken i treverket skal svara.

12 Ve den som byggjer ein by med blod

og grunnlegg han med urett!

13 Sjå, dette kjem frå Herren over hærskarane:

Det folka strevar for, går opp i logar,

folkeslaga slit seg ut til inga nytte.


14 Jorda skal fyllast med kunnskap

om Herrens herlegdom

slik vatnet dekkjer havsens botn.


15 Ve den som skjenkjer sin neste,

blandar gift i drikken og gjer han rusa

så han kan sjå han naken.

16 Du blir mett av skam og ikkje av ære.

Så drikk, du òg, og vis at du har forhud!

Begeret i Herrens høgre hand

skal koma til deg,

og di ære skal gøymast av skam.

17 Valden mot Libanon skal koma over deg,

mishandlinga av dyra skal ramma deg.

Du auste ut menneskeblod,

gjorde vald mot landet

og byen og alle som bur der.


18 Kva hjelper eit gudebilete

som ein handverkar har skore ut,

eit støypt bilete som gjev falske svar?

Men handverkaren lit på sitt eige arbeid

og lagar mållause avgudar.

19 Ve den som seier: «Vakna!» til ein trestokk,

«Stå opp!» til ein mållaus stein.

Kva slags svar kan han gje?

Visst er han kledd i gull og sølv,

men det er ikkje ånd i han.


20  Herren er i sitt heilage tempel;

ver stille for han, heile jorda!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.