Bibel lillaBibel 2024
Dato14Kommer 14. mars
Gå til forsiden

Habakkuk

1 

1 Bodskapen som profeten Habakkuk fekk sjå.

Retten når ikkje ut

2 Kor lenge, Herre, skal eg ropa

utan at du høyrer,

skrika til deg om vald

utan at du frelser?

3 Kvifor lèt du meg sjå urett?

Korleis kan du sjå på ulukke?

Herjing og vald like ved meg,

det blir strid,

det kjem til trette.

4 Difor er lova kraftlaus,

og retten når aldri ut.

For den urettferdige kringset den rettferdige,

difor blir retten vrangsnudd.

Kaldearane

5 Sjå på folkeslaga, sjå dykk om,

forvirr dykk sjølve og ver forvirra!

For i dykkar dagar gjer eg ei gjerning,

de ville ikkje tru det om det vart fortalt!

6 Sjå, eg reiser opp kaldearane,

det brutale og raske folkeslaget

som fer så vidt omkring på jorda

og tek bustader som ikkje høyrer dei til.

7 Skremmande og fryktelege er dei,

deira rett og heider kjem frå dei sjølve.

8 Raskare enn leopardar er hestane deira,

villare enn ulvar i øydemarka.

Ryttarane deira jagar av stad,

ryttarane kjem frå det fjerne,

dei flyg som ørna på jakt etter føde.

9 Alle kjem dei og vil gjera valdsverk,

dei rykkjer fram i flokk,

dei samlar fangar som sand.

10 Dei gjer narr av kongar

og gjer fyrstar til lått.

Dei ler av kvar festning,

kastar opp ein jordvoll og tek henne.

11 Så fer dei vidare og blir borte som vinden.

Dei fører skuld over seg.

Deira styrke er deira gud.

Profeten klagar over urett

12 Er ikkje du frå gammal tid,

Herre, min heilage Gud,

du som aldri døyr!

Herre, du har sett dei til å dømma,

vårt berg, du har gjeve dei fullmakt til å straffa.


13 Auga er for reine til å sjå det vonde,

ulukke orkar du ikkje å sjå på.

Så korleis kan du sjå på dei trulause

og teia når den urettferdige sluker

den som er meir rettferdig enn han sjølv?

14 Du gjer mennesket lik fisken i havet,

lik kryp utan herskar.


15 Dei dreg dei alle opp med krok,

halar dei inn med not

og samlar dei i garnet.

Difor gleder dei seg og jublar.

16 Difor ofrar dei til nota

og tenner offereld for garnet.

For frå dei får dei rik fangst

og feit mat.

17 Skal dei då alltid få tømma nota

og utan medkjensle gjera ende på folkeslag?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.