Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Hosea

12

Herren vil straffa Jakob

1 Efraim har omringa meg med løgn,

Israels hus med svik.

Men Juda held seg enno til Gud

og er trufast mot Den heilage.

2 Efraim gjeter vind,

jagar heile dagen etter austavind.

Han hopar opp løgn og vald.

Dei gjer pakt med Assur

og sender olje til Egypt.


3  Herren fører sak med Juda,

han vil straffa Jakob for hans ferd,

gjengjelda det han har gjort.

4 I mors liv heldt han bror sin i hælen,

som vaksen kjempa han med Gud,

5 han kjempa med engelen og vann,

han gret og bad om nåde.

I Betel møter Gud han,

og der talar han med oss.

6  Herren, allhærs Gud,

Herren er hans namn.


7 Og du skal venda attende ved hjelp av din Gud.

Hald fast på kjærleik og rett,

ha alltid von til din Gud!


8 Kanaan har falske vekter i handa,

han elskar å utnytta andre,

9 og Efraim seier:

«Eg har då vorte rik

og har fått meg eigedom,

men i all rikdomen min

er eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»


10 Men eg er Herren din Gud,

heilt frå Egypt.

Enno vil eg la deg bu i telt

som den gongen eg møtte deg.

11 Eg vil tala til profetane.

Eg lét dei få syn i mengd,

og no vil eg tala i likningar gjennom dei.


12 Er Gilead ugudeleg,

skal dei bli til inkjes.

Ofrar dei oksar i Gilgal,

skal altara deira bli som steinrøysar langs åkeren.


13 Jakob rømde til Aram-landet,

Israel tente for å få seg ei kone,

for ei kone vakta han småfe.


14 Ved ein profet førte Herren

Israel opp frå Egypt,

og ved ein profet vakta han dei.


15 Efraim har vekt bitter harme.

Herren skal la hans blodskuld

koma over han sjølv

og gje han att for hans spott.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.