Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Hosea

3

Utruskap og fråfall

1 Og Herren sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elsk ei kvinne som er elskarinna til ein annan og bryt ekteskapet, slik Herren elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!» 2 Så kjøpte eg henne for femten sjekel sølv og ein homer bygg og ein letek bygg. 3 Og eg sa til henne: «I mange dagar skal du bu hos meg, utan å driva hor og utan å ha omgang med nokon mann, og heller ikkje eg med deg.» 4 For i mange dagar skal israelittane bu utan konge og hovding, utan offer og utan steinstøtte, utan efod og terafar. 5 Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren, sin Gud, og David, sin konge. Skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dagar som kjem.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.