Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Hosea

8

Israel gløymde skaparen sin

1 Hornet til munnen!

Som ei ørn over Herrens hus!

For dei har brote mi pakt

og synda mot mi lov.

2 Dei ropar til meg:

«Min Gud!

Vi, Israel, kjenner deg!»

3 Men Israel har forkasta det gode,

fienden skal forfølgja dei.

4 Dei valde seg kongar som ikkje er frå meg,

valde seg hovdingar eg ikkje kjennest ved.

Av sølvet og gullet sitt laga dei seg gudebilete.

Difor skal dei utryddast.

5 Kast ut kalven din, Samaria!

Vreiden min logar mot dei.

Kor lenge skal det vara

før dei kan bli reine?

6 Dei er då frå Israel!

Men han er laga av ein handverkar,

og nokon gud er han ikkje,

sanneleg, til splintar skal han bli,

Samaria-kalven!

7 For vind sår dei, og storm skal dei hausta.

Kornet skyt ikkje aks

og gjev dei ikkje mjøl,

og gjev det mjøl, et framande det opp.

8 Israel er oppeten,

no er dei lik eit kar

som ingen bryr seg om mellom folka.

9 For dei fór bort til Assur

lik eit einsleg villesel.

Efraim kjøper seg kjærleik.

10 Sjølv om dei kjøpslår med folka,

vil eg no driva dei saman.

Dei skal vri seg ei lita stund

under storkongens bør.

11 Efraim har laga seg mange altar til syndoffer,

altar som har vorte til synd for han.

12 Skriv eg mine mange lover,

blir dei rekna for noko framandt.

13 Som offergåver til meg

ofrar dei kjøt og et det.

Herren bryr seg ikkje om dei.

No vil han hugsa skulda deira

og straffa syndene deira.

Dei må attende til Egypt.

14 Israel gløymde sin skapar

og bygde seg slott,

Juda bygde mange festningsbyar.

Men eg vil senda eld mot byane hans,

han skal eta borgene deira.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.