Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

61

Eit nådeår frå Herren

1 Herren Guds ande er over meg,

for Herren har salva meg.

Han har sendt meg

for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause,

for å forbinda dei som har eit knust hjarte,

ropa ut fridom for dei som er i fangenskap,

og frigjering for dei som er bundne,

2 for å ropa ut eit nådens år frå Herren

og ein hemnens dag frå vår Gud,

for å trøysta alle som sørgjer,

3 og gje dei sørgjande i Sion

turban i staden for oske,

gledeolje i staden for sorg,

lovsongsdrakt i staden for motlaus ånd.

Dei skal kallast Rettferds eiketre

som Herren har planta

for å syna sin herlegdom.

4 Dei skal byggja opp att gamle ruinar

og gjenreisa det som før låg audt,

dei skal byggja opp att ruinbyane

som låg aude frå slekt til slekt.


5 Framande skal stå

og gjeta småfeet for dykk,

utlendingar skal vera bønder

og vindyrkarar for dykk.

6 Men de skal kallast Herrens prestar.

Tenarar for vår Gud, skal de heita.

De skal eta av rikdomen til folka

og overta deira prakt.

7 Før hadde de dobbel skam og vanære.

No skal dei jubla over sin del.

Difor skal dei ha dobbel arv i landet,

evig glede skal dei få.

8 For eg er Herren, som elskar rett

og hatar ran og urett.

I truskap gjev eg dei løn

og gjer ei evig pakt med dei.

9 Ætta deira skal bli kjend mellom folkeslaga,

etterkomarane deira mellom folka.

Alle som ser dei, skal skjøna

at dei er ei ætt som Herren velsignar.


10 Eg gleder meg i Herren,

mi sjel jublar over min Gud.

For han har kledd meg i frelsesklede

og sveipt meg i rettferds kappe

lik ein brudgom som set på seg presteleg turban,

lik ei brur som pyntar seg med smykke.

11 For som jorda lèt spirene veksa,

som ein hage lèt frøa gro,

så skal Herren Gud

la rettferd og lovsong

spira fram for alle folkeslag.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.