Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Evangeliet etter Lukas

23 

1 Då reiste dei seg, heile hopen, og førde han fram for Pilatus 2 og tok til å klaga på han. Me hev kome etter at denne mannen forvillar folket vårt, sa dei; han forbyd dei å gjeva keisaren skatt, og segjer at han er Messias, ein konge. 3 Då tok Pilatus til ords og spurde han: Er du kongen yver jødane? - Det er som du segjer, svara han. 4 Pilatus sa til øvsteprestane og folket: Eg finn ingi skuld hjå denne mannen. 5 Då tok dei sterkare i og sa: Han øser upp folket med læra si i heile Jødeland; han tok til med det i Galilea, og no hev han kome alt hit. 6 Då Pilatus høyrde det, spurde han um mannen var frå Galilea, 7 og so snart han vart vis med at han lydde under Herodes' velde, sende han Jesus til han; for Herodes var og i Jerusalem i dei dagane. 8 Herodes vart svært glad då han såg Jesus; han hadde lenge ynskt at han måtte få sjå han; for han hadde høyrt mykje um han og gjorde seg von um å få sjå eit teikn av han. 9 Han spurde han um mangt og mykje, men Jesus svara ikkje eit ord. 10 Øvsteprestane og dei skriftlærde stod der og klaga på han so sterkt dei kunde. 11 Og Herodes med hermennene sine svivyrde og hædde han, kasta ei brikjeleg kåpa um han og sende han so attende til Pilatus. 12 Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; fyrr hadde det vore fiendskap millom dei. 13 So kalla Pilatus i hop øvsteprestane og rådsherrane og folket 14 og dei sa til dei: De hev ført denne mannen fram for meg og skulda han for at han leider folket på avveg. No hev eg lydt han ut so de hev høyrt på det, men eg hev ikkje funne han saka i noko av det de klagar han for. 15 Og det hev ikkje Herodes heller; for eg sende dykk til han. So kann de sjå at han hev ikkje gjort noko som han skulde lata livet for. 16 Difor vil eg refsa han og so gjeva han fri. 17 Men han laut gjeva dei ein fange fri i høgtidi. 18 Då ropa dei alle som ein; Burt med han! Gjev oss Barabbas fri! 19 - so heitte ein som var sett i fengsel for eitt upprør som hadde brote ut i byen, og for manndråp -. 20 På nytt tala Pilatus til dei; for han vilde gjerne gjeva Jesus fri. 21 Men dei ropa imot: Krossfest han, krossfest han! 22 So tala han til dei tridje gongen og sa: Kva vondt hev han då gjort, denne mannen? Eg hev ikkje funne han saka i noko som han kann dømast frå livet for. Difor vil eg refsa han og so gjeva han fri. 23 Men dei braut på og kravde med høge rop at han skulde krossfestast, og ropi deira fekk yvertaket. 24 Då dømde Pilatus so at det skulde vera som dei kravde. 25 Han løyste den som sat fengsla for upprør og manndråp, den som dei bad um, men gav Jesus yver til dei, so dei kunde gjera med han som dei vilde. 26 Då dei førde han burt, tok dei fat på ein mann som kom frå marki; han heitte Simon og var frå Kyrene; han la dei krossen på, so han skulde bera han etter Jesus. 27 Ein stor folkehop fylgde han; bland dei var det mange kvinnor, som øya og gret for hans skuld. 28 Jesus snudde seg til dei og sa: Jerusalems døtter, gråt ikkje yver meg! Gråt heller yver dykk sjølve og borni dykkar! 29 For det kjem dagar då dei skal segja: Sæle dei barnlause! Sælt det livet som aldri hev født, og det brjostet som aldri gav suga! 30 Då kjem dei til å segja til fjelli: Fall yver oss! og til haugane: Gøym oss! 31 For fer dei so med det grøne treet, korleis skal det då ganga med det turre? 32 Tvo andre, tvo illgjerningsmenn, vart og førde av stad saman med han og skulde lata livet. 33 Då dei kom til den staden som dei kallar Skallen, krossfeste dei han der, og like eins illgjerningsmennene, den eine på høgre og den andre på vinstre sida. 34 Men Jesus sa: Fader, forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer! So skifte dei klædi hans millom seg og kasta lut um dei. 35 Folket stod og såg på; og rådsherrane spotta og sa: Han hev hjelpt andre, no kann han hjelpa seg sjølv, dersom han er Guds Messias, den utvalde! 36 Hermennene gjorde og narr av han; dei gjekk fram og rette han eddik og sa: 37 Er du kongen yver jødane, so hjelp deg sjølv! 38 Og uppyver han var det ei innskrift: Dette er kongen yver jødane. 39 Ein av illgjerningsmennene som hekk der, hædde han og sa: Er ikkje du Messias? - hjelp deg sjølv og oss! 40 Då tok den andre til ords og skjemde på han og sa: Hev du ikkje ein gong otte for Gud, du som er under same domen? 41 Og det er me med rette; for me fær berre lika for det me hev gjort. Men han hev ikkje gjort noko gale. 42 Jesus, sa han, kom meg i hug når du kjem i ditt rike! 43 Det segjer eg deg for visst, svara Jesus: I dag skal du vera med meg i Paradis. 44 Det var no kring den sette timen; då vart det myrkt yver heile landet alt til den niande timen, 45 og soli svartna. Forhenget i templet rivna midt i tvo. 46 Og Jesus ropa med høg røyst: Fader, i dine hender gjev eg mi ånd! Då han hadde sagt det, andast han. 47 Då hovudsmannen såg det som hende, lova han Gud og sa: Den mannen var sanneleg skuldlaus! 48 Og heile folkemengdi som hadde samla seg for å sjå på dette, øya seg og gjekk burt att då dei såg kva som hende. 49 Men alle venene hans og dei kvinnone som hadde fylgt han frå Galilea, stod langt undan og såg på. 50 Det var ein mann som heitte Josef, ein god og rettvis mann; han høyrde til det høge rådet, 51 men hadde ikkje vore med på rådi og gjerningane deira; han åtte heime i Arimatea, ein by i Jødeland, og var ein av dei som venta på Guds rike - 52 den mannen gjekk til Pilatus og bad um lekamen åt Jesus, 53 tok han ned, sveipte han i fint lin og la han i ei grav som var hoggi i berget, og som det endå ikkje var lagd nokon i. 54 Det var då fyrebuingsdagen, og sabbaten var i kjømdi. 55 Nokre av dei kvinnone som hadde vore med han frå Galilea, fylgde etter; dei skoda gravi og såg korleis lekamen hans vart lagd. 56 So gjekk dei heim att og laga til angande kryddor og salvar. Sabbaten yver heldt dei seg i ro etter lovi.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.