Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Malaki

3 

1 Sjå, eg sender min bodberar,

han skal rydda veg for meg.

Brått kjem han til sitt tempel,

Herren som de søkjer,

og bodberaren for pakta,

han som de lengtar etter,

sjå, han kjem,

seier Herren over hærskarane.


2 Men kven kan tola den dagen han kjem,

kven kan stå seg når han syner seg?

For han er lik elden til smeltaren,

lik luten til vaskarane.

3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.

Han skal reinsa levittane,

lutra dei som gull og sølv,

så dei kan bera fram for Herren

offer på rett vis.

4 Då skal offera frå Juda og Jerusalem

vera til glede for Herren

som i gamle dagar, i tidlege år.


5 Eg kjem til dykk og held dom.

Eg skundar meg å vera vitne

mot dei som driv med trolldom,

mot dei som bryt ekteskapet,

mot dei som sver falskt,

mot dei som held att løna for dagarbeidaren,

mot dei som undertrykkjer enkjer og farlause

og avviser innflyttaren,

og som ikkje fryktar meg,

seier Herren over hærskarane.

Kom med heile tienda

6 Eg, Herren, har ikkje forandra meg,

og de, Jakobs søner, har ikkje gått til grunne.

7 Heilt frå dykkar fedrars dagar

har de vike av frå mine forskrifter

og ikkje halde dei.

Vend attende til meg,

så skal eg venda meg mot dykk,

seier Herren over hærskarane.

Men de seier: «Korleis skal vi venda attende?»


8 Kan eit menneske stela noko frå Gud?

De stel frå meg, men seier:

«Kva er det vi har stole frå deg?»

Tienda og offergåvene!

9 Under forbanning er de,

de stel frå meg,

heile folket!

10 Kom med heile tienda til forrådskammeret

så det finst mat i mitt hus.

Prøv meg på denne måten,

seier Herren over hærskarane.

Eg skal sanneleg opna himmelens sluser

og ausa ut over dykk

velsigning utan mål.

11 Dei som et opp, skal eg skremma bort frå dykk,

så dei ikkje øydelegg grøda på åkeren

og vinstokkane på marka ikkje kastar frukta,

seier Herren over hærskarane.

12 Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle,

for de har eit ettertrakta land,

seier Herren over hærskarane.

Når Herren grip inn

13 De talar harde ord mot meg, seier Herren.

Og likevel seier de:

«Kva er det vi har sagt mot deg?»

14 De seier: «Det er nyttelaust å tena Gud.

Kva tener vi på

å retta oss etter det han har fastsett,

og gå sørgjande fram for Herren over hærskarane?

15 No vil vi prisa dei frekke sæle.

Sjølv om dei gjer urett, går det dei vel,

dei set Gud på prøve og slepp likevel unna.»


16 Dei som fryktar Herren, tala då saman,

og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.

Hos han vart det skrive ei minnebok

om dei som fryktar Herren og ærar hans namn.


17 Den dagen eg grip inn,

seier Herren over hærskarane,

skal dei vera min kostelege eigedom,

og eg vil vera mild mot dei,

liksom ein mann er mild

mot ein son som tener han.

18 Då skal de atter sjå skilnad

på rettferdige og urettferdige,

på dei som tener Gud,

og dei som ikkje tener han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.