Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Malaki

1 

1 Ein bodskap. Herrens ord til Israel gjennom Malaki.

Herrens kjærleik

2 «Eg elskar dykk», seier Herren.

Men de seier:

«Korleis elskar du oss?»

«Var ikkje Esau bror til Jakob?»

seier Herren.

«Eg elska Jakob,

3 men Esau hadde eg uvilje mot.

Eg gjorde fjella hans til ei audn,

eigedomen til ein ørken for sjakalar.»

4 Edom seier: «Vi er knuste,

men byggjer ruinane opp att.»

Men så seier Herren over hærskarane:

«Dei byggjer opp, men eg riv ned.

Dei skal kallast landet av urett,

folket som Herren er harm på for alltid.»

5 De skal sjå det med eigne auge,

og de skal seia: « Herren er stor,

ut over Israels grenser.»

Herrens dom over prestane

6 Ein son heidrar far sin,

ein slave herren sin.

Er eg far, kvar er då min heider,

er eg herre, kvar er ærefrykt for meg?

seier Herren over hærskarane

til dykk prestar, de som viser forakt for mitt namn.

De seier: «Korleis har vi vist

forakt for namnet ditt?»

7 De ber fram uverdig mat på altaret mitt.

De seier: «På kva måte

har vi handla uverdig mot deg?»

Ved å seia: « Herrens bord kan vi visa forakt.»

8 Når de ber fram eit blindt dyr til offer,

er ikkje det gale?

Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt,

er ikkje det gale?

Kva om du kom med slikt til statthaldaren din?

Trur du han då set pris på deg

og tek venleg imot deg?

seier Herren over hærskarane.

9 Og no, be om velvilje for Guds andlet

så han viser oss nåde.

Men når det kjem slikt frå dykkar hand,

kan han då ta venleg imot deg?

seier Herren over hærskarane.

10 Om berre nokon av dykk

ville stengja tempeldørene

så de ikkje til fånyttes kveikjer eld på mitt altar!

Eg har inga glede av dykk,

seier Herren over hærskarane,

eg set ikkje pris på offer

frå dykkar hand.


11 Frå der sol står opp til der sol går ned,

er mitt namn stort mellom folkeslaga.

Alle stader blir det tent offereld

og bore fram reine offer i mitt namn.

For namnet mitt er stort mellom folkeslaga,

seier Herren over hærskarane.

12 Men de vanhelgar det

når de seier at Herrens bord er uverdig,

at maten på det er forakteleg frukt.

13 De seier: «For eit strev!»

og blæs av det, seier Herren over hærskarane.

De kjem med dyr som er røva,

og med dyr som er halte eller sjuke,

når de kjem med offer.

Skulle eg setja pris på noko slikt frå dykkar hand? seier Herren.


14 Forbanna er den som fer med svik,

som har eit hanndyr i buskapen

og lovar å gje det til Herren,

men i staden ofrar eit dyr som er skadd.

For eg er ein stor konge,

seier Herren over hærskarane,

namnet mitt er frykta mellom folkeslaga.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.