Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Evangeliet etter Matteus

14

Herodes og døyparen Johannes

1 På den tid fekk landsfyrsten Herodes høyra gjetordet om Jesus. 2 Då sa han til tenarane sine: «Det er døyparen Johannes. Han er reist opp frå dei døde, difor er desse kreftene verksame i han.» 3 Herodes hadde gripe Johannes og bunde han og kasta han i fengsel. Dette gjorde han for Herodias' skuld, ho som hadde vore gift med Filip, bror hans. 4 For Johannes hadde sagt til Herodes: «Du har ikkje lov å ha henne.» 5 Herodes ville helst ha drepe han, men han var redd folket; dei heldt Johannes for å vera ein profet. 6 Men då Herodes feira fødselsdagen sin, dansa dotter til Herodias for gjestene. Herodes vart så oppglødd over dette 7 at han med eid lova å gje henne kva ho så bad om. 8 Då fekk mora henne til å seia: «Gjev meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.» 9 Kongen vart sorgfull; men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, baud han at ho skulle få det, 10 og han sende folk som skulle hogga hovudet av Johannes i fengselet. 11 Så vart hovudet hans bore inn på eit fat og gjeve til jenta, og ho gjekk til mor si med det. 12 Men læresveinane hans kom og henta liket og gravla det. Sidan gjekk dei til Jesus og fortalde det som hadde hendt.

Jesus mettar fem tusen

13 Då Jesus fekk høyra det, gjekk han ut i ein båt og drog derifrå til ein aud stad, så han kunne vera åleine. Men folk fekk vita det, og dei kom etter han til fots frå byane. 14 Då han steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei og lækte dei som var sjuke.

15 Då det leid til kvelds, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i landsbyane og kjøpa seg mat.» 16 «Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!» 17 «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», svara dei. 18 Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!» 19 Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket. 20 Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger. 21 Dei som hadde ete, var omkring fem tusen menn forutan kvinner og born.

Jesus går på vatnet

22 Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. 23 Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.

Då det leid til kvelds, var han der åleine. 24 Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. 25 Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. 26 Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle. «Det er eit gjenferd!» sa dei og var så redde at dei skreik. 27 Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»

28 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» 29 «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus. 30 Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» 31 Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?» 32 Så steig dei opp i båten, og vinden stilna. 33 Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»

Sjuke blir borne til Jesus

34 Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret. 35 Folket der på staden kjende han att og sende bod rundt i heile området, og dei kom til han med alle som var sjuke. 36 Dei bad om at dei berre måtte få ta i dusken på kappefliken hans. Og alle som gjorde det, vart friske.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.