Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Mika

1 

1  Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet i dei dagane då Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, det han såg om Samaria og Jerusalem.

Herren openberrar seg til dom

2 Høyr, alle de folkeslag!

Lytt, du jord

og alt som fyller deg!

Herren Gud skal vera vitne mot dykk,

Herren sjølv, frå sitt heilage tempel.


3 Sjå, Herren går ut frå sin stad,

stig ned og skrid fram

over høgdene på jorda.

4 Fjella smeltar under han,

og dalane rivnar,

som voks når det smeltar for elden,

som vatn når det renn utfor stupet.

5 Alt dette

på grunn av Jakobs opprør

og Israels synder!

Kva er Jakobs opprør?

Samaria!

Og kva er Judas offerhøgder?

Jerusalem!

6 Men eg skal leggja Samaria i ruinar

og gjera byen om til vinmarker.

Eg velter steinane ned i dalen

og legg grunnvollane hennar berre.

7 Alle gudebileta hennar skal knusast,

alle horegåvene skal brennast,

og alle avgudsbileta vil eg øydeleggja.

Med horepengar har ho samla dei,

og til horeløn skal dei bli.


8 Difor må eg klaga og jamra,

gå berrføtt og naken omkring,

eg held klage som sjakalen,

har sorg som strutsen.

9 For skaden hennar kan ikkje lækjast.

No står Juda for tur.

Det har nådd til mitt folks port,

til Jerusalem.

Klage over byane i Juda

10 Kunngjer det ikkje i Gat!

Ikkje gråt og klag!

Velt deg i støvet i Bet-Leafra!

11 Dra bort naken og med vanære,

du som bur i Sjafir!

Ho som bur i Saanan,

kjem ikkje ut.

I Bet-Ha'esel held dei klage,

der får de ikkje støtte.

12 Ho som bur i Marot,

ventar på lukke,

men ulukke frå Herren

kjem ned ved Jerusalems port.

13 Spenn hestane for vogna,

du som bur i Lakisj!

Der var opphavet

til synd for dotter Sion,

for hos deg er Israels opprør å finna.

14 Difor må du gje skilsmissegåve til Moresjet-Gat.

Som ein uttørka bekk

er husa i Aksib for Israels kongar.

15 Endå ein gong sender eg ein for å hærta deg,

du som bur i Maresja.

Til Adullam kjem Israels pryd.

16 Klipp deg og rak deg snau

for borna du hadde kjær!

Klipp deg snau som ein gribb,

for dei er førte bort frå deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.