Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Fjerde Mosebok

13

Israelittane utforskar Kanaan

1  Herren sa til Moses: 2 «Send av stad nokre menn for å utforska Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Éin mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera leiarar.» 3  Herrens ord sende Moses dei ut frå Paran-ørkenen. Kvar mann var mellom overhovuda for israelittane.

4 Dette er namna deira: for Ruben-stammen Sjammua, son til Sakkur; 5 for Simon-stammen Sjafat, son til Hori; 6 for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne; 7 for Jissakar-stammen Jigal, son til Josef; 8 for Efraim-stammen Hosea, son til Nun; 9 for Benjamin-stammen Palti, son til Rafu; 10 for Sebulon-stammen Gaddiel, son til Sodi; 11 for Josef-stammen, det vil seia Manasse-stammen, Gaddi, son til Susi; 12 for Dan-stammen Ammiel, son til Gemalli; 13 for Asjer-stammen Setur, son til Mikael; 14 for Naftali-stammen Nahbi, son til Vofsi; 15 for Gad-stammen Ge'uel, son til Maki. 16 Det var namna på dei mennene som Moses sende for å utforska landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva.

17 Då Moses sende dei av stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare opp i fjellet! 18 Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. 19 Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar? 20 Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene.

21 Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat. 22 Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt. 23 Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar. 24 Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.

25 Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet. 26 Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet. 27 Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der. 28 Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg. 29 I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»

30 Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!» 31 Men dei mennene som drog opp saman med han, sa: «Vi kan ikkje gå til åtak på dette folket, for dei er sterkare enn vi.» 32 Dei sette ut rykte blant israelittane om landet dei hadde utforska. Dei sa: «Det landet vi drog gjennom og undersøkte, er eit land som et opp dei som bur der. Og alle folka vi såg, var storvaksne menn. 33 Der såg vi kjemper òg – anakittane høyrer til kjempene. I eigne auge var vi som grashopper, og det var vi i deira auge òg.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.