Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

105 

1 Pris Herren, kall på hans namn,

gjer gjerningane hans kjende blant folka!

2 Syng for han og spel for han,

syng om alle hans under!


3 Ver stolte over hans heilage namn!

Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.

4 Spør etter Herren og hans makt,

søk alltid hans andlet!


5 Kom i hug det underfulle han har gjort,

teikna hans og lovene frå hans munn,

6 du ætt av Abraham, hans tenar,

Jakobs søner, som han har valt ut.


7 Han er Herren vår Gud,

lovene hans gjeld over heile jorda.

8 Han kjem i hug si pakt til evig tid,

ordet han gav, i tusen slektsledd,

9 pakta han gjorde med Abraham,

og eiden han svor til Isak.


10 Dette sette han opp som ei forskrift for Jakob,

som ei evig pakt for Israel.

11 Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan

til arv og eige.»


12 Der var dei ein liten flokk,

få og framande.

13 Dei vandra frå folk til folk,

frå det eine riket til det andre.


14 Men han lét ingen få undertrykkja dei,

han refsa kongar for deira skuld:

15 «Rør ikkje dei som eg har salva,

gjer ikkje vondt mot mine profetar!»


16 Han kalla hungersnaud over landet

og braut sund kvar brødstav.

17 Han sende ein mann føre dei,

Josef vart seld som slave.


18 Dei tvinga føtene hans i lenkjer,

jern vart lagt om halsen,

19 heilt til det han sa, vart oppfylt

og Herrens ord gav han rett.


20 Kongen sende bod og sette han fri,

han som herska over folka, sleppte han laus.

21 Han sette han til herre over sitt hus,

til herskar over all sin eigedom.


22 Han skulle rettleia kongens stormenn etter sin vilje

og gje hans eldste sin visdom.

23 Så kom Israel til Egypt,

Jakob vart innflyttar i Hams land.


24 Han gjorde folket sitt fruktbart,

meir talrikt enn fienden.

25 Han vende deira hug så dei hata hans folk

og fór med svik mot hans tenarar.


26 Han sende Moses, sin tenar,

og Aron, som han hadde valt ut.

27 Dei gjorde hans under mellom dei

og teikn i Hams land.


28 Han sende mørker, og det vart mørkt.

Hadde dei ikkje trassa hans ord?

29 Han gjorde vatnet til blod

og drap fisken.


30 Det krydde av frosk i landet,

jamvel i kongens eigne rom.

31 Då han gav bod, kom det lus

og insekt i heile landet.


32 Han gjorde regnet til hagl

og sende flammande eld i landet.

33 Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,

han knuste kvart tre i landet.


34 Då han gav bod, kom det grashopper

og sirissar utan tal.

35 Dei åt opp alt som voks i landet,

dei åt opp grøda på marka.


36 Gud slo alle førstefødde i landet,

førstegrøda av deira kraft.

37 Så førte han dei ut med sølv og gull,

ingen i stammane hans snubla.


38 Det var glede i Egypt då dei drog ut,

landet var slege av redsle for dei.

39 Han breidde ut ei sky til å dekkja dei

og ein eld til å lysa om natta.


40 Då dei bad, sende han vaktlar

og metta dei med himmelbrød.

41 Han opna berget, og vatnet strøymde fram,

det rann som ei elv i det tørre landet.


42 For han kom i hug sitt heilage ord

til Abraham, sin tenar.

43 Han lét folket sitt dra ut med glede,

sine utvalde med jubelrop.


44 Han gav dei land som andre folk eigde,

dei overtok det andre hadde streva for,

45 så dei skulle halda hans forskrifter

og ta vare på hans lover.

Halleluja!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.