Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

Femte boka

Sal Salme 107–150107

1 Pris Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn.

2 Dette skal Herrens utløyste seia,

dei som han løyste ut av nauda

3 dei som han samla frå landa,

frå aust og vest, frå nord og frå havet.


4 Somme fór vill i ørken og øydemark,

dei fann ikkje vegen til ein by der dei kunne bu.

5 Dei var svoltne og tørste,

kreftene vart borte.

6 Då ropa dei til Herren i si naud,

og han fria dei ut av trengslene.

7 Han førte dei på rett veg

så dei kom til ein by der dei kunne bu.

8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,

for hans undergjerningar mot mennesket.

9 Han lét den tørste drikka,

han metta den svoltne med gode gåver.


10 Somme sat i mørker og dødsskugge,

bundne i naud og jern,

11 for dei hadde trassa Guds ord

og forakta råd frå Den høgste.

12 Hjartet deira vart kua av slit,

dei snubla, det var ingen som hjelpte.

13 Då ropa dei til Herren i si naud,

og han berga dei ut av trengslene.

14 Han førte dei ut av mørker og dødsskugge

og sleit sund lenkjene deira.

15 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,

for hans undergjerningar mot mennesket.

16 Han knuste dører av bronse,

bommar av jern hogg han sund.


17 Somme vart dumme av sine feiltrinn,

dei vart plaga for sine synder.

18 Dei fekk avsky for alle slag mat

og kom heilt til dødens portar.

19 Då ropa dei til Herren i si naud,

og han berga dei ut av trengslene.

20 Han sende sitt ord og lækte dei

og fria dei frå grava.

21 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,

for hans undergjerningar mot mennesket.

22 Dei skal slakta takkoffer

og fortelja om hans gjerningar med jubel.


23 Somme fór ut på havet med skip,

dreiv handel på veldige vatn.

24 Dei såg kva Herren gjorde,

hans undergjerningar ute på djupet.

25 Han tala, og det bles opp til uvêr,

bølgjene gjekk høge.

26 Dei steig mot himmelen, dei sokk i djupet.

Dei mista motet i nauda,

27 dei tumla og rava som drukne,

det dei kunne, var til inga nytte.

28 Då ropa dei til Herren i si naud,

og han førte dei ut av trengslene.

29 Han fekk stormen til å stilna,

og bølgjene la seg.

30 Då det stilna, vart dei glade.

Han førte dei i hamn der dei ville.

31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn,

for hans undergjerningar mot mennesket.

32 Dei skal opphøgja han når folket samlast,

prisa han der dei eldste sit.


33 Han gjorde elvar til ørken,

vassrike kjelder til tørstande land

34 og grøderik jord til salt,

for dei som budde der, var vonde.

35 Han gjorde ørken til innsjø,

tørt land til vassrike kjelder.

36 Der lét han dei svoltne slå seg ned,

dei grunnla ein by der dei kunne bu.

37 Dei sådde åkrane til og planta vinmarker

som bar fram grøde dei kunne hausta.

38 Han velsigna dei, og dei vart talrike,

han lét dei ikkje mangla fe.

39 Sidan vart dei få,

dei vart tyngde ned

av undertrykking, ulukke og sorg.


40 Han auste forakt over stormenn

og førte dei vill i veglause øyda,

41 men lyfte dei fattige opp av nauda

og gjorde deira slekter talrike som ein saueflokk.

42 Dei rettvise ser det og gleder seg,

all urett må lata att sin munn.

43 Den som er vis, skal ta vare på dette

og merka seg Herrens miskunn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.