1 Av David. Ein salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
som skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.
Du skal herska mellom dine fiendar!
3 Folket ditt møter villig fram
den dagen du viser di kraft.
Din ungdoms dogg kjem til deg
i heilag prakt, or morgonròdens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre hand,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik,
han knuser hovud vidt over jord.
7 Han drikk av bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.