Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

112 

1 Halleluja!


Alef

א

Sæl er den som fryktar Herren

Bet

ב

og har glede i hans bod.

Gimel

ג

2 Hans ætt blir mektig i landet,

Dalet

ד

den rettskafne slekta blir velsigna.

He

ה

3 Det er velstand og rikdom i hans hus,

Waw

ו

hans rettferd skal alltid vara.

Zajin

ז

4 Lys bryt fram i mørkret for dei rettvise,

Het

ח

for den som er nådig, mild og rettferdig.

Tet

ט

5 Det går vel med den som villig gjev lån,

Jod

י

den som steller sine saker rett.

Kaf

כ

6 Han skal aldri i æve vakla,

Lamed

ל

den rettferdige blir alltid hugsa.

Mem

מ

7 Han er ikkje redd for vonde rykte,

Nun

נ

hans hjarte er roleg og trygt i Herren.

Samek

ס

8 Hans hjarte er grunnfest, utan frykt.

Ajin

ע

Til slutt får han sjå at fienden fell.

Pe

פ

9 Han strør ut, han gjev til dei fattige,

Tsade

צ

hans rettferd skal alltid vara,

Qof

ק

stor og herleg blir hans makt.

Resj

ר

10 Den urettferdige ser det og blir sint,

Sjin

ש

skjer tenner og veiknar bort.

Taw

ת

Det dei urettferdige trår etter, blir til inkjes.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.