Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

118 

1 Takk Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn.

2 Israel skal seia:

Evig varer hans miskunn.

3 Arons hus skal seia:

Evig varer hans miskunn.

4 Dei som fryktar Herren, skal seia:

Evig varer hans miskunn.


5 Eg var i trengsle og ropa til Herren,

han svara og førte meg ut i ope land.

6  Herren er med meg, eg er ikkje redd.

Kva kan menneske gjera meg?

7  Herren er med meg, han hjelper meg,

eg kan sjå på dei som hatar meg.


8 Det er betre å søkja tilflukt hos Herren

enn å stola på menneske.

9 Det er betre å søkja tilflukt hos Herren

enn å stola på fyrstar.


10 Alle folkeslag omringa meg,

i Herrens namn slo eg dei tilbake.

11 Dei var omkring meg på alle kantar,

i Herrens namn slo eg dei tilbake.

12 Dei var omkring meg som bier.

Dei slokna som eld i klunger,

i Herrens namn slo eg dei tilbake.


13 Dei pressa meg hardt, eg heldt på å falla,

men Herren hjelpte meg.

14  Herren er min styrke og min song,

han har vorte mi frelse.


15 Høyr, det er jubel og sigersrop

i teltet til dei rettferdige!

Herrens høgre hand gjer storverk,

16  Herrens høgre hand lyfter opp.

Herrens høgre hand gjer storverk.


17 Eg skal ikkje døy, men leva

og fortelja om Herrens gjerningar.

18 Hardt har Herren tukta meg,

men han overgav meg ikkje til døden.


19 Lat rettferds portar opp for meg,

eg vil gå inn og prisa Herren!

20 Dette er Herrens port,

her går dei rettferdige inn.


21 Eg prisar deg fordi du svara meg,

du vart mi frelse.

22 Steinen som bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein.


23 Dette er Herrens eige verk,

underfullt er det i våre auge.

24 Dette er dagen som Herren har gjort;

lat oss jubla og gleda oss no!


25  Herre, frels!

Herre, lat det lukkast!

26 Velsigna er han som kjem i Herrens namn!

Vi velsignar dykk frå Herrens hus.


27  Herren er Gud, han lyser for oss.

Bind festofferet til altarhorna med tau!


28 Du er min Gud, eg takkar deg,

min Gud, eg opphøgjer deg.

29 Takk Herren, for han er god,

evig varer hans miskunn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.