Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

12 

1 Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David.


2 Frels meg, Herre! Dei trugne er borte.

Det finst ikkje trufaste menneske meir.

3 Alle talar løgn med sin neste,

dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.


4  Herren skal rydda ut alle glatte lepper,

kvar tunge som talar store ord,

5 dei som seier: «I tunga ligg vår makt,

vi har leppene med oss.

Kven er herre over oss?»


6 «Dei hjelpelause blir undertrykte,

og dei fattige stønnar,

difor vil eg reisa meg», seier Herren.

«Eg vil berga den som blir forakta.»


7  Herrens ord er reine ord,

sølv lutra i smelteomnen,

sju gonger reinsa.


8 Du, Herre, vil vara dei,

verna dei mot denne slekt for alltid

9 når lovlause er på ferde overalt

og det usle får makta mellom folk.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.