1 Ein song til festreisene. Av Salomo.
Dersom Herren ikkje byggjer huset,
arbeider bygningsmennene fåfengt.
Dersom Herren ikkje vaktar byen,
vaker vaktmannen fåfengt.
2 Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned
og et brødet de har slite for.
Det same gjev han venene sine medan dei søv.
3 Born er ei gåve frå Herren,
livsfrukt er ei løn.
4 Som piler i stridsmannens hand
er søner ein får i sin ungdom.
5 Sæl er den mann
som fyller pilehuset sitt med dei.
Han blir ikkje til skamme
når han talar mot fiendar i porten.