Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

127 

1 Ein song til festreisene. Av Salomo.


Dersom Herren ikkje byggjer huset,

arbeider bygningsmennene fåfengt.

Dersom Herren ikkje vaktar byen,

vaker vaktmannen fåfengt.

2 Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned

og et brødet de har slite for.

Det same gjev han venene sine medan dei søv.


3 Born er ei gåve frå Herren,

livsfrukt er ei løn.

4 Som piler i stridsmannens hand

er søner ein får i sin ungdom.

5 Sæl er den mann

som fyller pilehuset sitt med dei.

Han blir ikkje til skamme

når han talar mot fiendar i porten.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.