Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

141 

1 Ein salme av David.


Herre, eg ropar til deg. Skund deg til meg!

Lytt når eg ropar!

2 Lat mi bøn vera røykjelse for deg,

mine opplyfte hender eit kveldsoffer.

3  Herre, set vakt for min munn,

vern mine leppers dør!

4 Bøy ikkje mitt hjarte mot det vonde,

mot lovlaus gjerning saman med dei som gjer urett!

Den utsøkte maten deira vil eg ikkje smaka.

5 Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik.

Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud,

slikt avviser eg ikkje.

Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.


6 Dommarane deira skal støytast nedover berget,

dei skal høyra at orda mine var gode.

7 Knoklane våre ligg strødde ved gapet til dødsriket

som når ein pløyer og velter opp jord.


8  Gud Herre, auga mine er vende mot deg,

eg søkjer tilflukt hos deg.

Riv ikkje vekk livet mitt!

9 Vern meg frå snara dei set for meg,

for fellene til dei som gjer urett!

10 Lat dei urettferdige falla i eige garn

medan eg går rett forbi.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.