Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

144 

1 Av David.


Velsigna er Herren, mitt berg,

han som lærer opp hendene mine til strid

og fingrane til krig.

2 Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern,

han er min utfriar og mitt skjold.

Eg søkjer tilflukt hos han,

han legg folket mitt under meg!


3  Herre, kva er vel eit menneske,

sidan du vil kjenna det,

eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?

4 Mennesket liknar ein pust,

våre dagar er som ein flyktande skugge.


5  Herre, bøy din himmel og stig ned,

rør ved fjella så det ryk av dei!

6 Lat lynet blinka og sprei dei!

Skyt pilene dine og skrem dei!


7 Rett ut handa frå det høge,

fri meg og berg meg frå veldige vatn,

frå handa til framande.

8 Med munnen talar dei tomme ord,

med høgre handa opplyft sver dei falskt.


9 Gud, eg vil syngja ein ny song

og spela for deg på tistrengja harpe.

10 Du gjev kongar siger

og friar din tenar David frå det vonde sverdet.


11 Fri meg og berg meg frå handa til framande.

Med munnen talar dei tomme ord,

med høgre handa opplyft sver dei falskt.


12 Alt som unge liknar sønene våre høgvaksne planter.

Døtrene er som beresøyler skorne ut for eit palass.


13 Då blir forrådskammera fulle,

dei bognar av alle slag mat.

Sauene våre ute i marka

aukar til tusen, ja, mange tusen.


14 Då blir kyrne våre feite.

Ingen bryt ut, og ingen blir borte.

Inga klage lyder på torga.


15 Sælt er det folket som har det slik,

sælt er det folket som har Herren til Gud!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.