Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Salmane

15 

1 Ein salme av David.


Herre, kven kan halda til i ditt telt,

kven får bu på ditt heilage fjell?


2 Den som gjer rett og er heil i si ferd

og talar sanning frå hjartet.

3 Han svertar ingen med tunga,

valdar ikkje nesten sin skade

og fører ikkje vanære over sin granne.

4 Han ser med forakt på den som er vraka.

Han ærar dei som fryktar Herren.

Han bryt ikkje eiden han har svore,

sjølv om det blir til det vonde for han sjølv.

5 Han tek ikkje renter når han låner ut pengar.

Han lèt seg ikkje kjøpa til skade for ein skuldfri.


Den som lever slik, skal aldri vakla.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.