Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

26 

1 Av David.


Gjev meg min rett, Herre!

For eg har gått fram utan skuld.

Eg set mi lit til Herren og vaklar ikkje.

2 Prøv meg, Herre, gransk meg nøye,

prøv hjarte og nyrer som med eld!

3 For di miskunn har eg hatt for auge,

eg har ferdast i di sanning.


4 Eg set meg ikkje med løgnarar

og går ikkje inn til falske folk.

5 Eg hatar forsamlinga av valdsmenn

og sit ikkje saman med lovlause.

6 Eg vaskar mine hender i uskuld, Herre,

så eg kan gå omkring ditt altar

7 medan eg lèt mi lovsongsrøyst lyda

og fortel om alle dine under.

8  Herre, eg elskar din bustad,

staden der din herlegdom bur.


9 Riv meg ikkje bort med syndarar

så eg mistar livet saman med drapsmenn.

10 Dei har udåd i hendene,

høgre hand er full av stikkpengar.

11 Men eg fer fram utan skuld.

Løys meg ut og ver meg nådig!

12 Min fot står på jamn grunn.

Der folk samlast, skal eg velsigna Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.