Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

36 

1 Til korleiaren. Av Herrens tenar. Av David.


2 Synda talar til den lovlause

djupt i hans hjarte.

Redsle for Gud har han ikkje for auge.

3 Han ser det som smiger

at ein oppdagar hans skuld

og legg han for hat.

4 Kvart ord frå hans munn er urett og svik.

Han er ikkje forstandig meir og gjer ikkje det gode.

5 Han legg vonde planar på leiet.

Han vel ein veg som ikkje er god.

Han viser ikkje frå seg det vonde.


6  Herre, til himmelen når di miskunn,

til skyene rekk din truskap.

7 Di rettferd er som mektige fjell,

som det store havdjup er dine dommar.

Herre, du bergar både menneske og dyr.

8 Kor verdfull din kjærleik er, Gud!

I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.

9 Dei får nyta overfloda i ditt hus,

du lèt dei drikka av gledebekken din.

10 For hos deg er livsens kjelde,

i ditt lys ser vi lys.


11 Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,

di rettferd for dei ærlege av hjartet.

12 Lat ikkje foten til den stolte trø meg ned!

Handa til den lovlause skal ikkje jaga meg bort.

13 Der ligg dei, dei som gjer urett.

Dei er støytte ned og kan ikkje reisa seg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.