Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

47 

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.


2 Klapp i hendene, alle folk,

lyft jubelrop til Gud!

3 For Herren, Den høgste, er verd å frykta,

ein stor konge over heile jorda.


4 Han legg folkeslag under oss,

folk legg han under våre føter.

5 Han vel ut eit land for oss,

ein stolt arv for Jakob, som han elskar. Sela


6 Gud stig opp til jubelrop,

Herren stig opp medan horna gjallar.

7 Syng for Gud, ja, syng og spel,

syng og spel for vår konge!


8 For Gud er konge over heile jorda.

Syng ein song som gjer vis!

9 Gud er konge over folka,

Gud har sett seg på si heilage trone.


10 Fyrstane over folka samlast,

krigsfolket til Abrahams Gud.

For skjolda på jorda høyrer Gud til,

han er opphøgd over alle.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.