Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

49 

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.


2 Høyr dette, alle folk,

lyd etter, alle som bur i verda,

3 høg og låg, rik og fattig!

4 Min munn talar visdom,

det hjartet tenkjer, er forstand.

5 Eg vil venda mitt øyre til visdomsord,

tyda mi gåte til klangen frå lyra.


6 Kvifor frykta i vonde dagar,

når eg blir kringsett av svikarars vondskap?

7 Dei set si lit til sitt gods

og skryter av sin store rikdom.

8 Ingen kan kjøpa fri ein bror,

ingen kan gje Gud løysepengar for han.

9 Det er kostbart å kjøpa livet hans fri,

det må ein gje opp for alltid.

10 Kunne han vel leva evig

og aldri sjå grava?


11 Sjølv vismenn døyr, det kan alle sjå,

med dårar og uforstandige går dei til grunne.

Dei etterlèt sitt gods til andre.

12 Grava blir deira heim for evig,

ein bustad frå slekt til slekt,

dei som samla seg jord i sitt eige namn.

13 Med all si prakt

kan mennesket ikkje vara.

Det liknar dyra som må døy.


14 Slik går det med dei som lit på seg sjølve,

og med dei som følgjer etter

og gleder seg over deira ord. Sela

15 Som sauer fer dei til dødsriket,

døden er deira gjetar.

Dei rettskafne skal herska over dei

når morgonen renn.

Deira skapnad tærest bort,

i dødsriket skal dei ha sin bustad.

16 Men Gud vil kjøpa meg fri frå dødsrikets grep,

for han vil ta meg til seg. Sela


17 Ver ikkje redd når nokon blir rik,

når velstanden aukar i hans hus.

18 For når han døyr,

får han ingenting med,

velstanden følgjer han ikkje i grava.

19 Han prisar seg lukkeleg her i livet:

«Folk rosar deg, for du gjer det godt.»

20 Likevel går han til sine fedrar,

til dei som aldri meir får sjå lys.

21 Med all si prakt

kan mennesket ikkje forstå,

det er likt dyra som må døy.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.