Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

58 

1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David.


2 Talar de verkeleg rett, de mektige?

Dømmer de rettferdig, de menneske?

3 Nei, frå hjartet ber de fram urett på jorda,

med hendene spreier de vald.


4 Frå fødselen av er dei urettferdige på avvegar,

heilt frå mors liv fer løgnarane vill.


5 Deira gift er som ormegift,

dei liknar ein orm som er døv,

han lèt att øyra

6 og høyrer ikkje på han som kviskrar,

på han som er kunnig til å mana.


7 Gud, knus tennene i deira munn,

Herre, bryt tanngarden sund på løvene!

8 Lat dei kverva slik vatn renn vekk!

Lat dei berre spenna bogen,

pilene er utan kraft.

9 Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim,

lik den dødfødde som aldri såg sola.

10 Før grytene kjenner varmen frå tornekvistene,

blæs han dei bort, dei friske som dei brennande.


11 Den rettferdige skal gleda seg

når han ser at han får hemn.

Han skal vaska føtene

i blodet av dei urettferdige.

12 Då skal menneska seia:

«Ja, den rettferdige får si løn.

Det finst ein Gud som dømmer på jorda.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.