Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

61 

1 Til korleiaren. Med strengespel. Av David.


2 Høyr mitt rop, Gud,

lytt til mi bøn!

3 Frå enden av jorda ropar eg til deg

medan hjartet veiknar.

Før meg opp på eit berg som er høgare enn eg.


4 For du har vore mi tilflukt,

eit tårn til vern mot fienden.

5 Lat meg alltid få bu i ditt telt,

søkja tilflukt i ly av dine venger! Sela

6 For du, Gud, har høyrt mine lovnader

og gjeve dei som fryktar ditt namn, deira arv.


7 Legg fleire dagar til kongens dagar,

så hans år må vara i slekt etter slekt.

8 Lat han trona evig for Gud,

lat miskunn og truskap verna han!

9 Så skal eg alltid lovsyngja ditt namn

og dagleg oppfylla mine lovnader.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.