Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

62 

1 Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein salme av David.


2 Berre hos Gud er eg stille,

frå han kjem mi frelse.

3 Berre han er mitt berg og mi frelse

og mitt vern, eg skal ikkje vakla.


4 Kor lenge kan de alle gå laus på ein mann

for å slå han i hel?

Han er då ein lutande vegg,

ein nedbroten mur.

5 Dei legg planar om å støyta han ned,

ned frå hans høgd, dei elskar svik.

Dei velsignar med munnen,

men inst inne forbannar dei. Sela


6 Berre hos Gud skal eg vera still,

frå han kjem mi von.

7 Berre han er mitt berg og mi frelse

og mitt vern, eg skal ikkje vakla.


8 Hos Gud er mi frelse og mi ære.

Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.

9 Lit alltid på han, de folk,

aus ut dykkar hjarte for han!

Gud er vår tilflukt. Sela


10 Småfolk er berre ein pust,

stormenn er ei løgn,

på vektskåla vippar dei opp,

lettare enn eit vindpust er dei alle.


11 Set ikkje lit til vald,

ha ikkje fåfengd von til rov!

Om rikdomen aukar,

lat deg ikkje merka med det!


12 Éin gong har Gud tala,

to ting har eg høyrt:

at makta tilhøyrer Gud,

13 og at all miskunn, Herre, høyrer deg til.

Du løner kvar og ein

etter det han har gjort.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.