Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

65 

1 Til korleiaren. Ein salme av David. Ein song.


2 Lovsongen høyrer deg til, Gud, på Sion,

for deg skal lovnader oppfyllast,

3 du som høyrer bøner,

til deg kjem alle menneske.

4 Når vår skuld blir for sterk for oss,

tilgjev du våre brot.


5 Sæl er den som du vel ut

og tek inn til deg

så han får bu i føregardane dine.

Vi vil metta oss med det gode i ditt hus,

med det heilage i ditt tempel.

6 Med skremmande gjerningar

svarar du oss i rettferd,

Gud, vår frelsar.

Alle verdsens endar og det yttarste havet

stolar på deg.


7 Du reiste fjella med di kraft,

du var kledd med velde.

8 Du døyvde det brusande havet,

bølgjebruset og ståket av folka.

9 Dei som bur lengst unna,

blir gripne av frykt ved dine teikn.

Ved morgonens og kveldens portar

skaper du jubel.


10 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,

du gjer henne overdådig rik.

Guds bekk er full av vatn,

du sørgjer for kornet,

ja, såleis sørgjer du for henne.

11 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,

med regnskurer gjer du jorda mjuk,

du velsignar hennar grøde.


12 Du kronar året med dine gode gåver,

spora dine flyt over av rikdom,

13 beita i øydemarka flyt over,

haugane smykkar seg med jubel.

14 Markene kler seg med sauer,

dalane sveiper seg i korn.

Dei ropar av glede, dei syng.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.