Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

70 

1 Til korleiaren. Av David. Til påminning.


2 Skund deg, Gud, og hjelp meg,

Herre, fri meg ut!

3 Lat dei som står meg etter livet,

bli til skamme og til spott!

Lat dei som vil meg vondt,

dra seg tilbake utan ære!

4 Lat dei som ler hånleg,

snu seg bort i skam.


5 Lat alle som søkjer deg,

fryda og gleda seg i deg!

Lat dei som elskar di frelse,

alltid seia: «Stor er Gud!»


6 Men eg er hjelpelaus og fattig.

Skund deg, Gud!

Du er mi hjelp, du bergar meg.

Herre, dryg ikkje lenger!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.