Bibel lillaBibel 2024
Dato14Kommer 14. mars
Gå til forsiden

Salmane

71 

1 Hos deg, Herre, søkjer eg tilflukt,

lat meg aldri bli til skamme!

2 Berg meg og fri meg ut i di rettferd,

vend øyret til meg og frels meg!


3 Ver meg eit vern og eit berg

dit eg alltid kan koma!

Du har sagt at du vil frelsa meg,

du er mitt fjell og mi borg.


4 Fri meg, Gud, frå handa til dei lovlause,

frå grepet til dei som fer med urett og vald!

5 Du er mi von, min Herre og Gud,

mi trøyst frå eg var ung.


6 Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,

frå mors liv er du min styrke.

Eg vil alltid prisa deg.

7 Eg har vorte til eit teikn for mange,

du er mi tilflukt og mitt vern.


8 Min munn er full av lovsong,

eg syng om din herlegdom dagen lang.

9 Kast meg ikkje bort i alderdoms år,

forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!


10 Fiendane mine talar om meg,

dei som står meg etter livet, held råd.

11 Dei seier: «Gud har forlate han.

Jag han og grip han!

Det er ingen som bergar han.»


12 Ver ikkje langt borte frå meg, Gud.

Min Gud, skund deg og hjelp meg!

13 Lat dei som set fram klagemål mot meg,

bli til skamme og gå til grunne.

Lat dei som søkjer mi ulukke,

bli dekte av vanære og skam!


14 Men eg vil alltid venta med von,

eg vil leggja min lovsong til all lovsong du får.

15 Min munn skal fortelja om di rettferd,

dagen lang om di frelse,

endå dine gjerningar ikkje kan teljast.


16 Eg vil tala om Herren Guds storverk,

forkynna di rettferd, di åleine.


17 Gud, frå eg var ung, har du lært meg opp.

Framleis fortel eg om dine under.


18 Gud, forlat meg ikkje

sjølv når eg blir gammal og grå,

lat meg tala om di kraft

til heile den slekta som kjem.


Ditt velde 19 og di rettferd, Gud,

når til det høgste.

Du som har gjort så store ting,

Gud, kven er som du?


20 Trengsler og ulukker

lét du meg sjå,

men du vekkjer meg til liv på nytt,

og du lyfter meg opp att

frå djupa under jorda.


21 Gjev meg min stordom tilbake,

vend deg til meg og trøyst meg!

22 Så vil eg prisa deg til harpespel,

prisa din truskap, min Gud.

Eg vil syngja for deg og spela på lyre,

du Israels Heilage.


23 Når eg spelar for deg,

skal leppene mine jubla,

mi sjel som du har fria ut.

24 Også tunga mi skal tala

dagen lang om di rettferd.

For dei som vil meg vondt,

har vorte til skamme og til spott.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.