Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
BibleÉn bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Salmane

84 

1 Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.


2 Kor elskelege dine bustader er,

Herre Sebaot!

3 Eg lengta, ja, tærtest bort av lengsel

etter Herrens føregardar.

No jublar hjarte og kropp mot den levande Gud.


4 Sporven har funne ein heim,

svala har fått seg eit reir

der ho kan leggja sine ungar,

ved dine altar, Herre Sebaot,

min konge og min Gud.


5 Sæle er dei som bur i ditt hus,

dei skal alltid lova deg. Sela

6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,

dei som lengtar etter å fara opp til tempelet.


7 Når dei fer gjennom dalen med baka-tre,

gjer dei han til ei kjelde.

Haustregnet legg òg si signing over han.

8 Dei går frå kraft til kraft,

dei stig fram for Gud på Sion.


9  Herre, allhærs Gud, høyr mi bøn,

vend øyret til, du Jakobs Gud! Sela

10 Gud, vårt skjold, vend auga hit,

sjå på han du har salva!


11 Ja, éin dag i dine føregardar

er betre enn tusen andre.

Å liggja ved dørstokken til min Guds hus

er betre enn å bu i lovlauses telt.


12 For Herren Gud er sol og skjold,

Herren gjev nåde og ære.

Han held ikkje tilbake det gode

for den som er heil i si ferd.

13  Herre Sebaot,

sæl er den som set si lit til deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.