Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Salmane

87 

1 Av Korah-songarane. Ein salme. Ein song.


Han har grunnlagt byen på heilage fjell.

2 Av alle Jakobs bustader

elskar Herren Sions portar mest.

3 Herlege ting er sagde om deg,

du Guds by. Sela


4 Eg nemner Rahab og Babel

for dei som kjenner meg,

Filistarland, Tyros og Kusj:

«Dei er alle fødde her.»

5 For om Sion heiter det:

«Kvar og ein er fødd her.»

Den høgste sjølv har grunnfest byen.


6  Herren skriv opp folka og tel dei:

«Alle er dei fødde her.» Sela

7 Dei dansar og syng:

«Alle mine kjelder er i deg.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.