Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

Fjerde boka

Sal Salme 90–10690

1 Ei bøn av gudsmannen Moses.


Herre, du har vore ein bustad for oss

i slekt etter slekt.

2 Før fjella vart fødde,

før jorda og verda vart til,

frå æve til æve er du, Gud.


3 Du lèt mennesket bli til støv att

og seier: «Menneskeborn, vend attende!»

4 For tusen år er i dine auge

som dagen i går då han fór framom,

eller som ei nattevakt.


5 Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.

Dei er lik graset som svinn bort.

6 Det blømer om morgonen, så svinn det bort.

Om kvelden visnar det og tørkar inn.


7 Vi går til grunne ved din vreide,

redsle grip oss ved din harme.

8 Du set syndene våre framfor deg,

det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.

9 Alle våre dagar fer forbi,

ved din harme går vi til grunne,

åra våre er som ein sukk.


10 Vår levetid er sytti år,

åtti når det er styrke til det.

Dei beste åra er fulle av strev og urett.

Dei går fort, og vi flyg av stad.


11 Kven kjenner styrken i din vreide?

Din harme gjev grunn til å frykta deg.

12 Lær oss å telja våre dagar

så vi kan få visdom i hjartet!


13 Kom tilbake, Herre! Kor lenge?

Ha medynk med dine tenarar!

14 Mett oss med di miskunn om morgonen

så vi kan jubla og gleda oss alle våre dagar.


15 Gled oss like lenge som du har kua oss,

like mange år som vi har lide vondt.

16 Lat di gjerning bli synleg for dine tenarar,

din herlegdom for deira born!

17 Måtte Herren vår Gud vera venleg mot oss!

Lat våre henders verk lukkast for oss,

ja, våre henders verk, lat det lukkast!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.