Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Salmane

93 

1  Herren er konge!

Han har kledd seg i høgd,

Herren har kledd seg i kraft

og spent beltet om livet.

Verda står fast, ho skal ikkje rokkast.

2 Di trone står fast frå gammal tid,

du er til frå æve.

3 Elvane ropar, Herre,

elvane ropar med høg røyst.

Elvane ropar med dundrande røyst.

4  Herren er mektig i det høge,

meir mektig enn ljomen frå veldige vatn,

enn havsens mektige brotsjøar.

5 Pålitelege er dine lovbod.

Ditt hus skal vera heilagt gjennom alle tider, Herre.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.