Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Johannes' openberring

Dei sju skålene

Op Kap. 15–1615

Songen for Lammet

1 Og eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: sju englar med dei sju siste plagene, for med dei er Guds vreide fullført. 2 Og eg såg noko som likna eit hav av glas blanda med eld. På glashavet stod dei som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene 3 og syng den lovsongen som Guds tenar Moses song, den som òg er songen for Lammet:

Store og underfulle er dine gjerningar,

Herre Gud, du Allmektige.

Rettferdige og sanne er dine vegar,

du konge over folkeslaga.

4 Kven skulle ikkje frykta deg, Herre,

og æra ditt namn?

For einast du er heilag.

Alle folkeslag skal koma

og tilbe for ditt andlet,

fordi dine rettferdige dommar har vorte openberra.

Dei sju siste plagene

5 Etter dette såg eg at tempelet i himmelen, som er vitnemålsteltet, vart opna. 6 Og ut frå tempelet kom dei sju englane som hadde med seg dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa. 7 Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med den levande Guds vreide, han som lever i all æve. 8 Då vart tempelet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i tempelet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.