Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

16 

1 Og eg høyrde frå tempelet ei høg røyst som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!»

2 Då gjekk den første engelen og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, forferdelege byllar braut ut på dei menneska som bar merket til dyret, og som tilbad biletet av dyret.

3 Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død kropp, og alle levande skapningar i havet døydde.

4 Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod. 5 Og eg høyrde engelen over vatna seia:

«Rettferdig er du som er og som var, du heilage,

fordi du dømmer slik.

6 For dei har aust ut blod frå heilage menneske og profetar,

og blod har du gjeve dei å drikka.

Det er som fortent!»

7 Og eg høyrde altaret seia:

«Ja, Herre Gud, du Allmektige,

sanne og rettferdige er dine dommar.»

8 Den fjerde engelen tømde si skål ut over sola. Då fekk ho makt til å svi menneska med eld, 9 og menneska vart svidde i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.

10 Den femte engelen tømde si skål ut over trona til dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pine. 11 Men dei spotta Gud i himmelen for pinene og byllane sine, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar.

12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då tørka vatnet i elva bort, så det kunne ryddast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder ut or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er demoniske ånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på Guds, Den allmektiges store dag.

15 – «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og tek vare på kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –

16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

17 Den sjuande engelen tømde si skål ut i lufta. Då høyrdest det frå trona i tempelet ei høg røyst som sa: «Det er skjedd!» 18 Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levd menneske på jorda – så kraftig var det. 19 Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folkeslaga vart lagde i grus. Gud gløymde ikkje det store Babylon og lét det få begeret med hans harme- og vreidevin. 20 Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir. 21 Veldige hagl så tunge som ein talent fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for plaga med haglet, for plaga var frykteleg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.