Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

Dommen over Babylon

Op 17,1–19,1017

Den store hora

1 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom bort til meg og sa: «Kom, eg vil syna deg korleis den store hora får sin dom, ho som sit ved veldige vatn. 2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og dei som bur på jorda, har vorte rusa av vinen frå horeriet hennar.»

3 I Anden førte han meg ut i øydemarka, og eg såg ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud. Det hadde sju hovud og ti horn. 4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt. 5 På panna hennar stod det skrive eit namn med løynd meining: «Babylon den store, mor til horene og til alt som er motbydeleg på jorda.» 6 Og eg såg at kvinna var rusa av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.

Full av undring såg eg henne. 7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. 8 Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma. 9 Her trengst det vit og visdom.

Dei sju hovuda er sju fjell, og på dei sit kvinna. Dei er òg sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund. 11 Dyret som var, men ikkje er, det er sjølv den åttande, men like fullt ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått kongerike, men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og sin råderett til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet. Men Lammet er herren over herrane og kongen over kongane og skal sigra over dei saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der hora sit, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret med, skal hata hora, leggja henne øyde og kle henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei i hjartet å fullføra hans plan og ha éin og same vilje: å gje si kongsmakt til dyret, heilt til Guds ord er oppfylt. 18 Og kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.