Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

18

Babylons fall

1 Etter alt dette såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst i glansen frå han. 2 Han ropa med høg røyst:

«Fallen, fallen er Babylon den store!

Ho har vorte ein bustad for vonde ånder,

ein gøymestad for alle ureine ånder,

ein gøymestad for alle ureine fuglar,

ein gøymestad for alle ureine og avskyelege dyr.

3 For alle folkeslag har drukke

vreidevin frå horeriet hennar.

Kongane på jorda har drive hor med henne,

og kjøpmennene på jorda har vorte rike

av hennar overdådige luksus.»

4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:

«Far bort frå henne, mitt folk,

så de ikkje blir medskuldige i syndene hennar

og ikkje ramma av plagene hennar.

5 For syndene hennar har tårna seg opp heilt til himmelen,

og Gud har vorte mint om all uretten ho har gjort.

6 Gjev henne att likt for likt,

ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort,

og skjenk dobbelt opp til henne

i det begeret ho sjølv har skjenkt opp.

7 Gjev henne like mykje pine og sorg

som ho sjølv har unnt seg prakt og luksus.

Ho seier til seg sjølv:

‘Her sit eg som dronning,

eg er ikkje enkje,

og sorg skal eg aldri vita av.’

8 Difor skal plagene hennar koma

på éin og same dagen:

død og sorg og hungersnaud,

og ho skal brennast opp med eld.

For veldig er Herren Gud som dømmer henne.»

9 Kongane på jorda, som har levd med henne i hor og luksus, skal gråta og bryta ut i klagerop over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. 10 Skremde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa:

«Ve, ve du store by,

Babylon, du mektige by!

På ein einaste time kom dommen over deg.»

11 Kjøpmennene på jorda skal gråta og sørgja over henne fordi ingen kjøper skipslastene deira lenger: 12 skipslaster av gull og sølv, edelsteinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak, allslags angande tre, alle slags ting av elfenbein og verdfullt tre, av kopar, jern og marmor, 13 kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak, vin og olje, fint mjøl og kveite, storfe og småfe, hestar og vogner og slavar, levande menneske.

14 «Fruktene som var lysta i livet ditt,

er borte for deg,

og alt det dyre du eigde,

og all di prakt har du tapt,

aldri skal det finnast meir.»

15 Dei som handlar med slike varer, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skremde av lidingane hennar. Dei skal gråta og sørgja 16 og seia:

«Ve, ve over den store byen,

som var kledd i fint lin og purpur og skarlak,

og som glitra av gull og edelsteinar og perler!

17 På ein einaste time er all denne rikdomen lagd øyde.»

Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte. 18 Dei såg røyken då ho brann, og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?» 19 Og dei kasta støv på hovudet, og gråtande og sørgjande ropa dei:

«Ve, ve over den store byen,

der alle som har skip på havet,

har vorte rike av hennar overflod!

På ein einaste time vart ho lagd øyde.»

20 Gled dykk over hennar fall, du himmel

og de heilage, de apostlar og profetar!

For Gud har dømt henne og gjeve dykk oppreising.

21 Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa:

«Slik skal Babylon, den store byen,

bli kasta ned med veldig kraft

og aldri meir finnast.

22 I deg skal det aldri meir høyrast

lyd av harpespelarar og songarar,

fløytespelarar og basunblåsarar.

I deg skal det aldri meir finnast

handverkarar av noko slag.

I deg skal det aldri meir høyrast

lyd av kvernstein som durar.

23 I deg skal det aldri meir skina

lys frå noka lampe.

I deg skal det aldri meir høyrast

røyster av brudgom og brur.

For kjøpmennene dine var stormenn på jorda,

og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.

24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage,

ja, av alle dei som er slakta ned på jorda.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.