Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

19

Den store lovsongen i himmelen

1 Etter dette høyrde eg noko som likna eit mektig kor frå ein stor skare i himmelen. Dei song:

Halleluja!

Sigeren og æra og makta tilhøyrer vår Gud,

2 for sanne og rettferdige er hans dommar.

Han har dømt den store hora,

ho som øydela jorda med horeriet sitt,

og blodet av tenarane sine

har han kravd av hennar hand.

3 Endå ein gong ropa dei:

Halleluja!

Røyken frå henne stig opp i all æve.

4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på trona, og sa:

«Amen. Halleluja!»

5 Og frå trona kom det ei røyst som sa:

«Lova vår Gud, alle hans tenarar,

de som ottast han, små og store!»

6 Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa:

«Halleluja!

Herren vår Gud, Den allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra!

For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup.

Brura har gjort seg klar,

8 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»

Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet.

Kristus kjem att som sigerherre

Op 19,11–22,5

Ryttaren på den kvite hesten

11 Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd. 12 Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han. 13 Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord. 14 Himmelhærane, kledde i kvitt og reint lin, følgjer han på kvite hestar. 15 Og ut or munnen hans går det eit skarpt sverd; med det skal han slå folkeslaga ned. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt med vreidevin, med harmen frå Gud, Den allmektige. 16 På kappa og ved hofta har han eit namn skrive: Kongen over kongane og herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod inne i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøtet av kongar og hærførarar og mektige menn, kjøtet av hestar og ryttarane deira, kjøtet av alle, både frie og slavar, små og store.»

19 Og eg såg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart fanga saman med den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket til dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til ryttaren, det sverdet som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.