Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Johannes' openberring

7

Guds tenarar blir merkte med segl

1 Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind over jorda eller havet eller trea. 2 Og eg såg ein annan engel. Han steig fram i aust, der sola ris, og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å føra skade over jorda og havet: 3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har merkt vår Guds tenarar med segl på panna.»

4 Og eg høyrde talet på dei som fekk seglet: Det var 144 000, frå alle stammane i Israelsfolket.

5 Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,

av Ruben-stammen 12 000,

av Gad-stammen 12 000,

6 av Asjer-stammen 12 000,

av Naftali-stammen 12 000,

av Manasse-stammen 12 000,

7 av Simeon-stammen 12 000,

av Levi-stammen 12 000,

av Jissakar-stammen 12 000,

8 av Sebulon-stammen 12 000,

av Josef-stammen 12 000

og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.

Den store kvite flokken

9 Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene. 10 Og dei ropa med høg røyst:

Sigeren kjem frå vår Gud,

han som sit på trona, og frå Lammet.

11 Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud 12 og sa:

Amen.

All lov og pris og visdom,

takk og ære, makt og velde

høyrer vår Gud til i all æve.

Amen.

13 Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?» 14 «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:

«Dette er dei som kjem ut av den store trengsla

og har vaska kappene sine

og gjort dei kvite i blodet frå Lammet.

15 Difor står dei for Guds trone

og tener han dag og natt i hans tempel.

Og han som sit på trona,

skal reisa sin bustad over dei.

16 Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta,

og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.

17 For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira

og føra dei til kjelder med livsens vatn,

og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.