Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Johannes' openberring

9

Den femte basunen

1 Den femte engelen bles i basunen. Og eg såg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nøkkelen til avgrunnsbrønnen. 2 Og då ho opna brønnen, steig det røyk opp som røyken frå ein stor omn, så sola og lufta vart formørkte av røyken frå brønnen. 3 Ut av røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda. 4 Det vart sagt til dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna. 5 Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men skulle pina dei i fem månader. Og den pina var som pina når eit menneske blir stukke av ein skorpion. 6 I dei dagane kjem menneska til å søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal rømma frå dei.

7 Grashoppene likna på hestar som var gjorde klare til strid. På hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet. 8 Håret deira var som kvinnehår, tennene deira var som løvetenner, 9 og bringa deira var som brystpanser av jern. Larmen av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid. 10 Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader. 11 Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon og på gresk Apollyon.

12 Det første veropet er no over, men det kjem endå to.

Den sjette basunen

13 Den sjette engelen bles i basunen. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds andlet. 14 Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!» 15 Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året, for å drepa tredjedelen av menneska. 16 Talet på ryttarar i troppane deira var tjue tusen gonger ti tusen – eg høyrde talet. 17 Og slik var dei hestane eg såg i synet, og dei ryttarane som sat på dei: Mennene hadde brystpanser farga som eld, hyasint og svovel. Hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel. 18 Tredjedelen av menneska vart drepne i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane. 19 For makta deira ligg i munnen, men òg i halane. For halane deira liknar slangar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

20 Men resten av menneska, dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om frå det dei hadde laga med hendene sine, og heldt ikkje opp med å tilbe det. Dei tilbad vonde ånder og gudebilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå. 21 Dei vende ikkje om frå sine mord og sin trolldom, frå sitt horeri og si steling.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.