Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Paulus' brev til romarane

13

Tilhøvet til styresmaktene

1 Kvar og ein skal vera lydig mot dei styresmaktene han har over seg. For det finst inga styresmakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. 2 Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett, og dei som gjer det, skal få sin dom. 3 For dei som styrer, skaper ikkje frykt hos den som gjer det gode, men hos den som gjer det vonde. Vil du sleppa å vera redd styresmakta? Gjer det som godt er, og du skal få ros. 4 For styresmakta er Guds tenar, til beste for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd. Styresmakta ber ikkje sverdet utan grunn, men er Guds tenar som set hans vreidedom i verk over den som gjer det vonde. 5 Difor må de vera lydige, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet. 6 Det er òg grunnen til at de betaler skatt. For styresmaktene er Guds tenarar, og dei er sette til å ta hand om slike ting. 7 Gjev alle det du skuldar dei: Betal skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha respekt for den som har krav på respekt, gjev ære til den de skuldar ære.

Kjærleiken er oppfylling av lova

8 Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova. 9 For boda: du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det skal vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 10 Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.

11 Dette skal de gjera, for de veit kva for ei tid det no er: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. 12 Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til. 13 Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning. 14 Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsorg for kroppen at det vekkjer lyster.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.