Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Paulus' brev til romarane

8

Livet i Anden

1 Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden. 3 Det som var umogleg for lova, sidan ho stod maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son – i same skapnad som syndig kjøt og på grunn av synda – og heldt dom over synda i kjøtet. 4 Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil. 5 Dei som lever etter kjøtet, lèt kjøtet styra tankane, men dei som lever etter Anden, lèt Anden styra tankane. 6 For når kjøtet styrer tankane, fører det til død, men når Anden styrer tankane, fører det til liv og fred. 7 Difor er tankane til kjøtet fiendtlege mot Gud, for dei bøyer seg ikkje under Guds lov og kan det ikkje heller. 8 Dei som lever i kjøtet, kan ikkje vera til glede for Gud. 9 Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til. 10 Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda. 11 Han reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar dødelege kropp levande ved sin Ande, som bur i dykk.

12 Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva i samsvar med det. 13 For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva. 14 Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born. 15 For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.

Håpet om herlegdom

18 Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår. 19 Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp, 21 for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier. 23 Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri. 24 For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser? 25 Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. 27 Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.

28 Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.

31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?

33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordømma? Kristus [Jesus] er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36 Som det står skrive:

For di skuld blir vi drepne dagen lang,

vi blir rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.